Retorikk er talekunst – kunsten å overtale eller å
overtyde ved hjelp av språk, bilde eller lyd. Reklame bruker retorikk når avsendaren for eksempel skal selje
eit produkt eller påverke haldingane våre.
I reklame, men også i andre samanhengar, har du mykje å vinne viss du er god til å overtale. På denne sida skal du bli kjend
med orda etos, patos og logos.
Grekaren Aristoteles (384 f.Kr.–322 f.Kr.) slo fast at god argumentasjon har
mykje med desse tre omgrepa å
gjere.
Etos – truverd
Å argumentere ved hjelp av etos er å argumentere ved hjelp av
truverdet.
Du kan sjølv vere truverdig eller vise til andre sitt truverd, for
eksempel ekspertar på området du uttalar deg om.
I reklame vert kjendisar ofte brukte. Det er likevel ikkje sikkert at dei har
like god greie på det dei uttalar seg om, som dei som er ekspertar på området.
Uttalar du deg om politiske spørsmål, kan du ha ein sterk etos hos dei som er
einige med deg. Like sterk truverd vil du neppe ha hos meningsmotstandarar.
Det kan vere smart å ta godt vare på
omdømmet
sitt. Innleiande etos er det truverdet du har på førehand. Gjennom det du
for eksempel skriv, seier eller gjer, kan du svekkje, vedlikehald eller styrke
ditt eige truverde.
Bruker du
saklege argument, vil du kunne verte oppfatta som truverdig, og kroppsspråket ditt kan forsterke
eller svekkje etoset ditt.
Kva betydning kan uniform ha for truverdet til ein person?
Logos – fornuft
Å argumentere ved hjelp av logos betyr å vise til sunn fornuft, til saka
sjølv eller til logikk.
Eksempel: Viss du har teke ut søppelet tre gongar på rad, kan du argumentere med dette når du ber andre i familien om å ta eit tak.
Du kan også argumentere med det som er sannsynleg. Har du planlagt skitur
åleine i vinterfjellet, er det sannsynleg at det kan oppstå problem om du
reiser på langtur i full storm.
I reklame er sjølvskryt vanleg, og då vil avsendaren gjerne ha deg til å
handle. «9 av 10 vel ...»
Nokre gongar kan du bli utfordra til å finne den underliggande logikken i argumentasjonen
sjølv.
Kva for type argument finn du i reklamen ovanfor?
Patos – følelsar
Når du argumenterer, kan du vende deg til mottakaren sine følelsar. Du kan vekkje positive kjensler, men også skremme og til og med vekkje
avsky. Du kan for eksempel spele på humor, morsinstinkt, sinne eller behovet for å ha ein kjæraste.
Nokre emne vekkjer i seg sjølv sterke følelsar hos mange. Det kan for eksempel vere ulv, svolt, urettferdig fordeling eller spørsmål som har med
klimatrusselen å gjere.
Orda du bruker, kan vere
plussord
eller minusord. Ord kan vekkje følelsar. Det samme kan engasjementet ditt når
du framfører ein bodskap.
Språklege
verkemiddel kan vere gode hjelparar når du vil nå fram med argumentasjon, og
bilde eller illustrasjonar kan understreke bodskapen når du ønsker å vekkje
følelsar hos mottakaren.
Musikk og lydeffektar kan også vekkje og forsterke kjensler.
Oppgåve
Sjå filmen nedanfor. Marin Luther King Jr. heldt denne talen 28. august 1963.
Kva for verkemiddel bruker talaren? Kvifor trur du dette er éin av verdas mest
berømte talar?