Personopplysninger

Kvifor bjørnen er stubbrumpa

Her kan du lese eit eksempel på eit dyreeventyr.

Bjørnen møtte ein gong reven som kom luskande med eit knippe fisk han hadde stole.

«Kvar har du fått fisken frå?» spurde bjørnen.
«Eg har vore ute og fiska, herr Bjørn!» svara reven.

Ein bjørn som sit på bakkenSå fekk bjørnen også lyst til å lære å fiske. Han bad reven seie korleis han skulle gjere det.

«Det er ein simpel kunst for deg», svara reven, «og du lærer han fort. Du skal berre gå ut på isen, hogge deg eit hol og stikke rumpa nedi; og så må du halde ho der bra lenge. Du må ikkje bry deg om at det svir litt i ho; det er når fisken bit; dess lenger du kan halde ho der, dess meir fisk får du. Og rett som det er, skal du tverrykkje opp!»

Ja, bjørnen gjorde som reven hadde sagt, og heldt rumpa lenge, lenge nede i holet, til ho hadde frose godt fast; så tverrykte han ho tvert av, og no går bjørnen der stubbrumpa den dag i dag.

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |