Personopplysninger

Presten som laut ete hestelort

Dette er eit  skjemteeventyr.



Det var ein prest som var så lei og knipen med arbeidsfolka og tenarane sine; frua var snill ho, og freista stele i dei så ikkje han såg det. Men såg han ho gav dei noko, vart han vond og sa at dei kunne ete hestelort. Til slutt vart det så ille at dei ikkje fekk folk til å vere på prestegarden.

Så la frua og klokkaren over at dei skulle prøve ei råd med presten. Det var om sommaren; klokkaren skulle få presten med på ei fjellferd, og det gjekk òg. Klokkaren fekk mat med seg, men presten ingenting; dei laut kjøpa seg mat der dei fór, sa frua.

Det bar over heiar og marker, der det om vinteren hadde lege folk og køyrt bruk; der var stallar og køyter (hytter av greiner) etter køyrarane.

Dei vart både trøytte og svoltne då dei hadde gått langt innover heiane.
«Her er stall og køyter, og her er vel også folk i nærleiken, så vi kan få kjøpt oss mat», sa presten.
«Nei, her er nok ikkje folk, men vi lyt gå inn i stallen og kvile», sa klokkaren.

«Eg er så svolten», sa presten, «er her ikkje snart folk å finne, meiner du?»
«Nei, ikkje på langan lei, du lyt ete hestelort, elles kjem du til å krepere», sa klokkaren.; han gjekk bort i skogen åleine, og då åt han av maten sin.

Då klokkaren kom inn att, sat presten og jamra seg: «Eg kan ikkje eta hestelort», sa han.
«Vi treffer ikkje folk på lang tid enno», sa klokkaren, «så du må nok freiste med litt hestelort.»

Dei drog seg då lenger innover heiane, så kom dei til ein stall igjen. «Her lyt me gå inn og kvile», sa klokkaren. Han gjekk inn i skogen og åt maten sin, men presten hadde ikkje anna enn hestelort å halde seg til då heller.

Slik heldt dei på til dei kom til den fjerde stallen. Då torde ikke klokkaren plage presten lenger, han var redd for at presten gjerne kunne stryke med. Folk fann dei ikkje, og folk var det nok ikkje på langan lei, sa klokkaren, «og no veit eg ikkje anna råd», sa han, «vi lyt snu heim att.»

Då dei kom heim, var mest ende på presten. Frua hadde ferdig den beste mat til dei som ho hadde, og dei kosa seg og åt.

So kom arbeidsfolka òg inn og skulle ha mat. «Stell til av den beste maten til dei òg», sa presten, «hestelort er nok ikkje god å ete», sa han.

 

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |