Personopplysningar

Eventyr

Eventyr er forteljande dikting med overnaturleg innhald. Slike tekstar gir seg ikkje ut for å vere sanne. Fleire eventyr formidlar livsvisdom.

Eventyra er den eldste diktinga vi kjenner til, og dei fleste av dei blei til lenge før bøkene si tid. Tekstane handlar ofte om overnaturlege, fantastiske og utrulege hendingar. 

Folkedikting

Kittelsen: Kjerringa ved peisen. Foto: NasjonalbiblioteketEventyrsjangeren er kjend over heile verda. Vi kan finne fellestrekk og forskjellar mellom slik folkedikting i ulike land, både når det gjeld innhald og måten tekstane er bygde opp på.

Eventyra har blitt fortalt munnleg frå generasjon til generasjon. Dei vert brukte til underhaldning, men har ofte ei djupare meining og ein moral.

Eventyr som vi ikkje kjenner opphavet til, kallar vi folkeeventyr. På 1800-talet samla Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe det som i dag er dei mest kjende norske folkeeventyra.

Eigentlege eventyr

  • I undereventyra møter vi overnaturlege makter som for eksempel troll, nøkken og huldra. Sjå Dei tre bukkane Bruse.

  • Novelleeventyr har ikkje overnaturlege vesen, men kan ellers vere lik undereventyra.

  • Legendeeventyr er eventyr som handlar om religiøse tema.

Skjemteeventyr

Skjemteeventyr gjer narr av personar og eigenskapar. Ofte er det personar i leiiande stillingar i lokalsamfunet spotten går ut over, for eksempel futen eller presten. Sjå eventyret Presten som laut ete hestelort.

Dyreeventyr

Eit dyreeventyr er ei kort forteljing, ein episode eller situasjon der hovudpersonen er eit dyr med menneskelege eigenskapar. Sjå eventyret Kvifor bjørnen er stubbrumpa.

Th. Kittelsen: Askeladdens eventyr, 1900. Nasjonalbiblioteket
Th. Kittelsen: Askeladdens eventyr, 1900. Nasjonalbiblioteket

Kunsteventyr

Kunsteventyr er eventyr der vi veit kven som har skrive forteljinga. H. C. Andersen sine kunsteventyr er omsette til meir enn 100 språk og er nest etter Bibelen dei mest omsette tekstane i verda. 

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |