Personopplysningar

Meir om kjelder

Kjelder kan du bruke anten du arbeider med kunnskap, ferdigheiter eller spørsmål som har med haldingar å gjere.

Når du nyttar kjelder av ulike slag, bør du gjere dette med eit kritisk blikk. Du må vurdere om dei kan gje oppdatert og påliteleg informasjon om noko av det du lurer på.

Skal informasjonen du hentar frå ulike kjelder ha nokon verdi, må du dessutan vise at du kan bruke han i arbeida dine. Det er ikkje nok å berre ta opp att det andre har sagt eller skrive.

Internett 

På Internett kan kven som helst publisere. Informasjonen du finn der, har svært blanda kvalitet. Ut frå nettadressa (URL) kan du ofte sjå kven det er som står bak ein ressurs.

https://www.ssb.no/ er nettsida til Statistisk sentralbyrå. Dette er eit godt eksempel på ei påliteleg kjelde som kan gje faktabasert informasjon.

Å sitere

Sitatretten gjev deg rett til å sitere (gje att skrift eller tale ordrett) frå deler av eit åndsverk.

«Det er tillatt å sitere fra et offentliggjort verk i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger.» (Lov om opphavsrett til åndsverk mv.  § 29)

Korte sitat på inntil 40 ord kan du setje i hermeteikn inne i teksten. Sjå dette eksemplet:

«Hovedregelen er at egennavn skal skrives med stor forbokstav, fellesnavn med liten», skriv Vinje, (2009, s. 83).

Sitat på over 40 ord i tekst skriv vi med innrykk og utan hermeteikn. Sjå dette eksemplet:

Vi kom fra alle kanter av landet, fra myggviddene i nord og svaberga i sør, fra de regnpiska fergekaiene i vest og de mørke granskauene i øst. Vi bar med oss måkeskrik og maskinlarm, fjøslukt og kontorstøv, elevsang og gatespråk. Som farende fanter med vaklende flyttelass bakpå kjøretøyer som segna under vekta av vår samla eiendom kom vi humpende så søla skvatt.
(Nilsen, 2009, s. 5)

Å parafrasere

Å parafrasere betyr å formulere med eigne ord noko andre har sagt eller skrive.

Eksempel:

Vinje minner oss om at vi skal skrive særnamn med stor forbokstav og fellesnamn med liten. (Vinje, 2009, s. 83).

Litteraturliste

Ved slutten av eit arbeid kan det vere aktuelt å lage ei litteraturliste.

Ei bok

Etternamnet til forfattaren Fornamnet til forfattaren (initialar) Året boka kom ut Boktittel Utgjevingsstad Forlag/utgjevar
Vinje F. E. 2009 Skriveregler Skien H. Aschehoug & Co

I kjeldelista

Vinje, F. E. (2009). Skriveregler. Skien: H. Aschehoug & Co

Ei nettside

Etternamnet til forfattaren Fornamnet til forfattaren (initialar) Sidetittel Nedlastingsdato Fullstendig nettadresse
Ukjent Ukjent Topp ti, jentenavn og guttenavn. 2020 04.10.2020 https://www.ssb.no/befolkning/statistikker/navn

I kjeldelista

Ukjent. Topp ti, jentenavn og guttenavn. 2020. Lasta ned 04.10.2020 frå https://www.ssb.no/befolkning/statistikker/navn

Dersom du ikkje finn forfattaren til ei nettside, skriv du «Ukjent» i dette feltet.

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |