Personopplysningar

Synonym

Eit synonym er eit ord med same eller nesten same betydning som eit anna ord.

Når du skriv, er det viktig å ha eit stort ordforråd. Det hjelper deg med å variere språket.

Ordbokikon med lenke til Nynorskordboka

Manglar du synonym, kan du finne slike i ordbøker. Ved å lese mykje og samtale med andre vil du lære deg nye ord og kva dei betyr. Nokre tekstbehandlingsprogram kan også  hjelpe deg med å finne synonym.

Rett ord

Illustrasjonsbilde av brudeparVariasjon er eit kjenneteikn på godt språk, men det er også viktig å velje ord som passar i samanhengen.

Du kan gjerne skrive at brudeparet kom skridande inn i kyrkja. Det er neppe like vellukka å påstå at brudgommen og bruda kom tuslande inn til alterringen.

Nære og fjerne synonym

Substantivet mann er eit overordna omgrep  for orda gut, gubbe og kar. Det same er kvinne for substantiva jente, kjerring og dame.

kvinne

mann

jente

kjerring

dame

gut

gubbe

kar

Nokre ord betyr det same, for eksempel demokrati og folkestyre. Andre ord kan ha delvis samme betydning.

Eksempel:

  • Alle hytter er hus, men ikkje alle hus er hytter.

I ei synonymordliste i eit tekstbehandlingsprogram kan du få desse forslaga til synonym på substantivet hus:

  • blokk, eigedom, bygning, hytte, gods, rønne, rekkehus, villa, bustad

Oppgåve


I Nynorskordboka finn du mange eksempel på korleis du kan bruke verbet å gå. Lag gjerne eit lite referat frå ein fjelltur der du bruker fleire synonym til dette verbet.

Øvingar

Øving 1 Øving 2 Øving 3 Øving 4
Øving 5 Øving 6 Øving 7 Øving 8
Øving 9 Øving 10 Øving 11 Øving 12
Øving 13 Øving 14 Øving 15 Øving 16
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |