Språkrådet har laga ei side med reglar for skrivemåten av tal, tid og dato. Her går vi gjennom
nokre av reglane og viser eksempel på bruken av dei.
Tid og dato
I vanleg tekst skriv vi
datoar med rekkefølgja dag–månad–år. Dersom årstalet manglar, skal det vere
punktum etter dag og månad.
Eksempel:
-
den 5. juni 2019
-
5. juni 2019
-
5.6.2019
-
05.06.2019
-
5.6.19
-
05.06.19
-
5.6.
Årstal
Når vi skriv årstal fullt
ut med bokstavar, skriv vi kvart årstal som eitt ord. Årstal på 2000-talet, som 2019, kan
vi skrive på to måtar: totusenognitten
eller tjuenitten.
Eksempel:
-
nittenhundreognittini
-
totusenogtjue
-
tjueatten
Klokkeslett
Firesifra klokkeslett skriv vi anten med punktum eller med kolon mellom timar og minutt.
-
Nøyaktige klokkeslett skriv vi anten som kl. 14.05.02,3 eller kl. 14:05:02,3, det vil
seie med timar, minutt, sekund og tidels sekund.
-
Ved tidtaking blir det anten 15.46,6 eller 15:46,6, det vil
seie 15 minutt og 46,6 sekund.
Eksempel:
-
kl. 13
-
kl. 1300
-
kl. 13.00
-
kl. 13:00
-
kl. 9.05
-
kl. 0905
-
kl. 09.05
-
kl. 09:05
Tidsrom
Det skal ikkje vere mellomrom før og etter
tankestreken. Bruk helst ikkje uttrykksmåten «frå kl. 13–15».
Dersom du skriv «frå», må du også ha med eit «til»: Middagsservering frå kl. 13 til kl. 15.
Eksempel:
-
Butikken er open måndag–laurdag.
-
I tidsrommet 1.7.–1.8. har barnehagen ferie.
-
Middagsservering kl. 13.00–15.00
-
2015–2020
-
2015–20
-
Men berre 1899–1999
Tal
Små tal
Små tal skriv vi som regel med bokstavar. Vi
reknar tal til og med tolv som små.
Eksempel:
Innanfor same
ytring eller avsnitt bør vi skrive tal
anten med bokstavar eller siffer.
Eksempel:
-
Ho kjøpte 2 kg ost og betalte 102 kr.
-
Vi har tre båtar, ti redningsvestar og tjue fiskestenger.
-
Dei var 3, 17 og 23 år gamle.
I tekstar med mykje tal – der tala er hovudsaka – bør vi vanlegvis skrive alle tal med siffer, f.eks. i tabellar, matematiske utgreiingar o.l.
Eksempel:
- 10 + 10 + 10 – 30 + 10 = 10
Vi bruker til vanleg eitt mellomrom før og etter plussteikn, minusteikn, multiplikasjonsteikn, divisjonsteikn og
likskapsteikn. Det skal ikkje vere mellomrom når pluss og minus berre gjeld eitt
tal.
Store tal
Store tal ordnar vi i grupper på tre og tre siffer. Start inndelinga frå høgre. Det skal ikkje vere punktum
nokon stad. Firesifra tal kan vi også skrive utan mellomrom.
Eksempel:
-
3 400 eller 3400
-
73 347 000
Omtrentlege tal
Runde og omtrentlege tal og
tal i faste uttrykk skriv vi i vanleg tekst helst med bokstavar, også når dei er store.
Eksempel:
-
Eg må berre få seie tusen takk for at du gav meg litt lekser i helga!
-
Tusenvis av fluger gjorde fjellturen til ei mindre
triveleg oppleving.
-
Ho hadde fjorten dagars ferie og klarte seg med ein million kroner.
Tal med måleining
Når talet står med forkorta
måleiing, bruker vi siffer. Når vi ikkje forkortar måleininga, kan vi bruke siffer eller bokstavar.
Eksempel:
-
3 kg
-
5 kr
-
10 km
-
Eplet kosta 5 kroner.
-
Eplet kosta fem kroner.
Brøk og desimaluttrykk
Hovudregelen er at vi bruker
gruntal i
nemnaren i brøk. Unntak: I tal til og med 12 kan vi velje om vi vil bruke
gruntal eller
ordenstal i nemnaren.
Eksempel:
Etter ein brøk bruker vi eintal av substantivet.
Eksempel:
-
to og ei halv side
-
tre og trekvart million
På norsk bruker vi komma i desimaltal, ikkje punktum, og vi bruker fleirtal av substantivet. Unntak: Når
talet etter kommaet er 1, kan vi også ha eintal. Etter null skal det stå fleirtal.
Eksempel:
Samansetningar med tal som førsteledd
I samansetningar med tal som førsteledd (jubileum, høgtider, hundretal,
tiår osv.) kan vi velje om vi vil bruke tal eller bokstavar.
Eksempel:
-
100-årsdagen eller hundreårsdagen
-
50-årsjubileum eller femtiårsjubileum
-
10-kroning eller tikroning
-
8-kanta eller åttekanta
Hundretal og tiår
Språkrådet anbefaler å skrive -talet om århundre og -åra om tiåra.
Eksempel:
Ordenstal
Det skal vere punktum ved ordenstal.
Eksempel:
Telefonnummer
Hovudregelen er at vi skal dele telefonnummer opp i grupper med to og to
siffer.
-
Telefonnummer i 8xx-serien skriv vi i tre
grupper med tre + to + tre siffer.
-
Telefonnummer i 116-serien skriv vi i grupper på tre og tre siffer.
-
Telefonnummer på tre, fire og fem siffer
skriv vi i éi gruppe.
Eksempel:
Bankkontonummer og fødselsnummer
Bankkontonummer skriv vi i tre grupper. Fødselsnummer skriv
vi i to grupper.
Eksempel:
-
2000 12 34567
-
180892 12345