Personopplysningar

Eigedomsord

Eigedomsord (possessiv) bruker vi for å vise kven som eig noko. I nynorsk har vi desse eigedomsorda: min, din, hans, hennar, sin, vår, deira, dykkar/dokkar.

Eksempel:

  • Han song i koret vårt.

  • Ballen vår hamna i nettet.

  • De må teste skiene dykkar/dokkar før skirennet i morgon.

  • Denne boka er mi.

Personleg pronomen

Kvart eigedomsord høyrer saman med eit personleg pronomen.

Eksempel:

  • Eg åt maten min.

  • Du gav bort sykkelen din.

  • Vi reiste frå hytta vår.

Bøying i kjønn og tal

Her viser vi korleis nokre eigedomsord vert bøygde i kjønn og tal:

Bøyingsskjema
  Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
1. person min mi mitt mine
2. person din di ditt dine
3. person (refl.) sin si sitt sine
1. person vår vår vårt våre
3. person (refl.) sin si sitt sine

Ordrekkefølgje

Du kan finne eigedomsord både framfor og etter eit substantiv. Skal substantivet ha trykk, kan du setje eigedomsordet først. (Det er mi bok, ikkje di!)

Eksempel:

  • Eg sette meg på min stol.

  • Eg sette meg på stolen min.

  • Du må selje din sykkel fortast mogleg!

  • Du må selje sykkelen din fortast mogleg!

Språket vert ofte best når du set eigedomsordet etter substantivet.

Misforståingar

Det kan fort oppstå misforståingar og komiske situasjonar dersom du bruker eigedomsord feil.

Sin/sitt/sine viser vanlegvis til subjektet i setninga.

Hans/hennar/dykkar/dokkar bruker vi når det vi viser til, er noko anna enn subjekt.

Eksempel:

  • Ho kyssar kjærasten sin (sin eigen kjæraste).

  • Ho kyssar kjærasten hennar (ein annan sin kjæraste).

  • Han bad meg hente hunden hans/hennar/sin. (Kven eig hunden?)

Høfleg tiltale

Ein gut gjev Kong Harald ei gåve.Skal du vende deg til kongelege personar, kan du nytte høfleg tiltale.

Eksempel:

  • Dykkar Majestet(ar)

  • Dokkar Majestet(ar)

Øvingar

Øving 1 Øving 2 Øving 3 Øving 4
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |