Peikeord (demonstrativ) er til hjelp når vi skal peike ut noko eller nokon. Dei kan stå åleine, eller dei kan stå til eit substantiv.
Eksempel:
Sjå den bilen! Den var sprek!

Samsvarsbøying
Vi bøyer fleire peikeord i kjønn og tal i samsvar med substantivet det står til, eller som er underforstått. Nokre peikeord får ikkje slik bøying.
Bøying
Eintal |
Fleirtal |
Hankjønn |
Hokjønn |
Inkjekjønn |
den (guten) |
den (jenta) |
det (mennesket) |
dei (menneska) |
denne |
denne |
dette |
desse |
hin |
hi |
hitt |
hine |
slik |
slik |
slikt |
slike |
sånn |
sånn |
sånt |
sånne |
annan |
anna |
anna |
andre |
Nært
Nokre peikeord viser til noko som er nært:
Eksempel:
Fjernt
Andre peikeord viser til noko som er fjernt:
Eksempel:
-
Den gubben var jammen treg!
-
Det huset hadde ein frykteleg farge!
-
Dei elevane bør snart ta ein pause.