Lat oss sjå på nokre
eksempel om korleis ein kan bruke desse to orda.
At
-
At du skulle
stå opp så tidleg, hadde eg ikkje rekna med. (Innleiingsord til
substantivisk leddsetning)
-
Ho meinte at
eg ikkje kunne vere riktig klok. (Innleiingsord til
substantivisk leddsetning)
-
Du er så pen at!
(Her er at bruk i utrop med utelaten setning.)
-
At du vågar!
(Utrop)
Att
-
Ho kom inn att. (Att
betyr her det same som igjen.)
-
Han stod att. (Han stod på
same plassen.)
-
Ho kom att etter ein lang
fjelltur. (Ho kom tilbake.)
|