Personopplysningar

Orddeling

Du kan bruke orddeling med bindestrek dersom du ynskjer å få rett høgremarg i tekstane dine.

Bindestrek 

Orddeling lagar du med bindestrek sist på linja.

Eksempel:

man-

darin

Merk deg:

  1. Orddeling er ikkje det samme som særskriving.

  2. Språkrådet skriv dette: «Det er tyngre å lese ein tekst med mykje orddeling enn lite. Derfor bør vi helst unngå orddeling. Nokre gonger er vi likevel nøydde til å dele ord.»

Du kan dele eit ord slik at den delen av ordet som kjem på neste linje, startar med éin konsonant framfor vokal.

Eksempel:

  • spin-ne

  • ram-le

  • klatresta-tiv

Du kan dele ord i ledd som er lette å kjenne att.

Eksempel:

  • av-snitt

  • polka-gris

  • bil-ane

Når du deler ord på denne måten, må du gjere det slik at du ikkje endrar betydninga av ordet. Kva for eit av alternativa nedanfor er rett?

Eksempel:

  • 50 søkjarar har meldt seg til ledig stilling som sjefs-
    seljar i Det norske skyttarlag.

  • 50 søkjarar har meldt seg til ledig stilling som sjefs-
    elgar i Det norske skytterlag.

Samansette ord deler du helst på grensa mellom orda. 

Eksempel:

  • ananas-bitar

  • kjøle-skåp

  • koke-bøker

  • kylling-lever

Du kan berre bruke tre like konsonantar etter kvarandre når ordet er delt med bindestrek mellom nest siste og siste konsonant.

Eksempel:

  • ball-leikar

  • trafikk-kork

  • buss-sjåfør

Einstavingsord og korte tostavingsord deler vi ikkje.

Eksempel:

  • hatt (einstavingsord)

  • vite (kort tostavingsord)

Del til vanleg ikkje særnamn.

Eksempel:

  • Globalskolen

  • Pernille

  • Noreg

Eksempel på unntak:

  • Nord-Europa

  • Sør-Aurdal

Del aldri ordenstal som høyrer saman med substantiv.

Eksempel:

  • 1. mai

  • Haakon 7.

Siffer skal alltid stå saman med eininga eller teiknet det høyrer saman med.

Eksempel:

  • 12 m

  • 99 kr

  • 13 %

Del aldri forkortingar eller siffer.

Eksempel på forkorting:

  • f.eks.

Eksempel på siffer:

  • 17 512 (Store tala ordnar vi likevel i grupper på tre og tre siffer. Start inndelinga frå høgre. Bruk ny linje dersom det ikkje er plass til heile talet på same linje.)

Øving

Øving 1
Kontakt: arne.heimestol@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |