Personopplysningar

Ironi

Ironi er (med hån eller skjemt) å uttrykkje noko ein ikkje meiner, eller noko som er det motsette av det ein meiner, slik at den eigentlege meininga skin igjennom. (Kjelde)

Tonefall, ansiktsuttrykk, samanhengen eller situasjonen kan røpe den eigentlege meininga. Det seier seg derfor sjølv at ironi er lettast å oppfatte når bodskapen vert framført munnleg.

Skal ironien fungere godt, må han ikkje bli oppfatta bokstaveleg.

Sjølvironi betyr at ein ironiserer over seg sjølv.

Eksempel:

  • Du er jammen flink! (Og du meiner det motsette.)

  • Her har vi det jammen triveleg!

Illustrasjonsbilde – ironi

  • Ironi vert ofte brukt i kåserisjangeren. På denne sjangersida finn du lenkjer til fleire tekstar der elevar prøver seg på denne teksttypen.

Mange misforstod

I 2001 fekk elevar i vidaregåande skolar ei eksamensoppgåve som inneheldt ein ironisk tekst av Kjartan Fløgstad. Over 2 000 elevar misforstod ironien og strauk. Korleis tolkar du teksten Amerika, ikkje Amerika?

Øving

Lag nokre eksempel på ironi.
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |