Personopplysningar

Forkortingar

Forkortingar er ei kortform av eitt eller fleire ord. Ein god regel er å berre bruke forkortingar du reknar med at mottakaren vil forstå.

  Hovudregel

Hovudregelen er at forkortingar skal ha punktum. Legg merke til at mange forkortingar har punktum etter kvart forkorta ord. Det finst òg forkortingar som berre har punktum etter det siste forkorta ordet. Bruk ikkje mellomrom mellom bokstavar i forkortingar.

Eksempel:

  • dvs.

  • etc.

  • pga.

  • obs.

  • vgs.

  • m.m.

Regel

Det skal ikkje vere punktum ved forbokstavord (initialord) og ved forkortingar for mål, vekt, mynt, grunnstoff og bøkene i Bibelen.

Eksempel:

Mål: dm cm mm
Vekt: kg cg mg
Mynt: kr EUR skr
Grunnstoff: H NaCl He
Initialord: NATO FN EU
Bøker i Bibelen: Rom 8,1 Luk 2,2 Mat 20,12

 Samansetningar

Bruk bindestrek i samansetningar.

Eksempel:

  • T-banen

Initialord

Initialord skal ha liten s i genitiv.

Eksempel:

  • EUs

Punktum 

Når du skriv eit ord med forkortingspunktum sist i ei setning eller ei ytring, skal du bruke berre eitt punktum.

Eksempel:

  • Du kan ta med fiskesaker, som stang, snelle, slukar, fluger osv. 

  • Men: Har du fiskesaker, som stang, snelle, sluker, fluger osv.?

Initialord 

Dei fleste initialord som er særnamn, skal du skrive med store bokstavar.

Eksempel:

  • AP

  • H

  • SV

Nokre unntak:

  • KrF

  • FrP

  • Nato/NATO

Øvingar

Øving 1 Øving 2 Øving 3
Øving 4 Øving 5 Øving 6
Kontakt: arne.heimestol@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |