Det som står mellom to store skiljeteikn (punktum, utropsteikn og spørjeteikn), kallar vi ei ytring.
Eksempel:
-
Kjem du i kveld?
-
At sykkelen skulle punktere, hadde ho ikkje venta.
-
No må du sjå til å få opp farten, Per!
Vi kan dele ytringar inn i to typar:
Setningar
Ei setning er ei ytring som minimum inneheld subjekt og verb i finitt form (presens, preteritum eller imperativ). Unntak: Ei imperativsetning manglar til vanleg subjekt.
Eksempel:
Setningsfragment
Dette er ei ytring som manglar eitt eller fleire ledd på å bli ei setning.
Eksempel: