Personopplysningar

Setningsledd og analyse

Setningsledd er ledd vi treng for å byggje setningar. Når vi analyserer setningar, finn vi ut kva funksjon/oppgåve ord, frasar eller leddsetningar har i samanhengen. 

Bilde av ein flott hundEigenskapar

Ord, frasar, eller leddsetningar som er eit ledd i ei setning, har desse eigenskapane:

  • Vi kan flytte ledda samla til ein annan plass i setninga utan at ho vert ugrammatisk.

  • Vi kan byte ut ledd med erstatningsord.

Eksempel:

Ledd 1 Ledd 2 Ledd 3
Den flotte hunden likar kjøttbein.
Kjøttbein likar den flotte hunden.
Likar den flotte hunden kjøttbein?

Erstatningsord

Her ser du at vi kan byte ut ledd med eit erstatningsgsord:

Ledd 1 Ledd 2 Ledd 3
Den flotte hunden likar kjøttbein.
Han likar kjøttbein.

Analyse

Å analysere kan bety å finne ut kva for setningsledd ei ytring eller ei setning er bygd opp av.

Eksempel på analyse av ei forteljande heilsetning:

Petter gav Janne ein ball.

  • Først leiter vi etter det bøygde verbet i setninga. Her er det verbet gav.

    Verbalet er ordet gav.

  • Deretter ser vi etter subjekt. Vi spør kven eller kva + verbalet. Altså: Kven eller kva gav?

    Subjektet her er ordet Petter.

  • Vi undersøkjer om setninga har eit direkte objekt. Slik spør vi: Kven eller kva + verbal + subjekt? Altså: Kven eller kva gav Petter?

    Ein ball
    er direkte objekt.

  • Denne setninga inneheld også eit indirekte objekt. Slik kan vi spørje for å finne det: Til kven + verbal + subjekt + direkte objekt. Altså: Til kven gav Petter ein ball?

    Janne er indirekte objekt.

Slik ser den ferdige analysen ut:

Subjekt Verbal Indirekte objekt Direkte objekt
Petter gav Janne ein ball

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |