Eit personleg pronomen kan stå i staden for både menneske, dyr og ting.
Eksempel:
Dei personlege pronomena kan stå i eintal eller fleirtal og i subjektsform eller objektsform.
Bøyingsskjema
Eintal |
Subjektsform |
Objektsform |
1. person |
eg |
meg |
2. person |
du, De |
deg, Dykk |
3. person |
han, ho, det |
han, ho, henne, det |
Fleirtal |
|
|
1. person |
vi/me |
oss |
2. person |
de/dokker De/Dokker |
dykk/dokker Dykk/Dokker |
3. person |
dei |
dei |
NB!
Nynorsk har ikkje det personlege pronomenet den, men ordet kan du bruke når det er peikeord. Vi bruker elles han når vi snakkar om hankjønnsord, ho når vi det er tale om hokjønnsord, og det når vi snakkar om inkjekjønnsord.
Eksempel:
-
Stormen var sterk. Han øydela fleire hus.
-
Britt er frå Bergen. Ho er vestlending.
-
Når kjem flyet? Det landar kl. 22.00.
Subjektsform
Når pronomenet står som subjekt i ei setning, bruker vi subjektsforma av pronomenet.
Eksempel:
Objektsform
Står pronomenet som objekt, skal vi bruke objektsforma av pronomenet.
Eksempel:
Objektsforma skal vi også bruke etter ein preposisjon.
Eksempel:
To alternativ
Legg merke til desse to alternativa i 2. person fleirtal. Det første personlege pronomenet i kvart eksempel står i subjektsform, det andre i objektsform.
Eksempel:
-
Slo de dykk?
-
Slo dokker dokker?
Høfleg tiltale
Høfleg tiltale (De/Dykk og Dokker/Dokker) vert lite brukt. Skal vi skrive brev til, eller helse på, kongelege personar, passar det godt å bruke desse orda.
Eksempel:
-
Dykkar/Dokkar Majestet
-
Dykkar/Dokkar Majestetar