Personopplysningar

Resiproke (gjensidige) pronomen

Dei resiproke (gjensidige) pronomena kvarandre og einannan viser tilbake til fleirtalsord.

Desse pronomena blir brukte som objekt og etter preposisjon og viser tilbake til subjektet i setninga.

Ordet resiprok betyr gjensidig, og vi bruker pronomena når vi skal uttrykkje forholdet mellom to eller fleire personar eller partar.

Eksempel:

  • Dei gav einannan ein god klem.

  • Vi møtte kvarandre på juleball.

  • Dei sa adjø til einannan etter eit kort møte.

  • Vi heldt kvarandre i hendene.

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |