Ordet seg kallar vi refleksivt pronomen.
Bruk
Det refleksive pronomenet bruker vi som objekt og etter preposisjon når pronomenet viser tilbake til eit subjekt i 3. person eintal eller fleirtal.
Eksempel:
Lett å ta feil
Kva er forskjellen på desse setningane?
-
Han slo seg.
-
Han slo henne.
Det refleksive pronomenet seg viser tilbake til han (same person) i det første eksempelet.
I det andre eksempelet er henne objektsform av det personlege pronomenet ho. Han har altså slått ein annan person.