Personopplysningar

Spørjepronomen

Spørjepronomena kven og kva innleiar spørjesetningar. Slike setningar kan vere leddsetningar eller heilsetningar.

Kven

Kven bruker vi når vi spør om personar.

Eksempel:

  • Kven er de?

  • Kven kjem på festen i kveld?

  • Kven samarbeider du med?

  • Kven si datamaskin er dette?

Kva

Kva bruker vi når vi spør om hendingar, ting og situasjonar.

Eksempel:

  • Kva er klokka?

  • Kva gjer du her?

  • Kva er det du tenkjer på i dag?

  • Kva var det de snakka om, etter at læraren hadde gått frå timen?

Relativsetningar

Kven og kva kan vi også bruke til å innleie relativsetningar.

Eksempel:

  • Ho gjorde akkurat kva ho ville.

  • Be kven du vil i bursdagen din neste veke.

Øving

Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |