Ordet
ein kan vi bruke som ubestemt pronomen. Dette
ordet viser ikkje til noko eller nokon bestemt.
Personleg
og upersonleg språk
Kva er forskjellen på å bruke
personleg pronomen og ubestemt pronomen?
Sjå desse eksempla:
-
Ein skal ikkje stele.
-
Du skal ikkje stele.
Til ettertanke: I kva for samanhengar vil du bruke personleg
språk? Og når kan du bruke meir upersonleg språk?
Oppgåve:
Tenk at du er send til rektor for å forklare deg etter at du har stelt i
stand bråk i ein skoletime. Skriv samtalen mellom rektor og deg på to
måtar:
-
Bruk
personlege pronomen så ofte du kan.
-
I den andre teksten erstattar du personlege pronomen med
ubestemt pronomen der dette er mogleg.