Personopplysningar

Aktive og passive verbformer

Når subjektet utfører handlinga, har vi ei aktiv verbform. Passiv kan vi lage med hjelpeverba å bli/verte eller ved å leggje -ast til stammen av verbet etter visse modale hjelpeverb.

Aktiv

I alle desse fire tilfella er det subjektet som utfører handlinga:

  • Bilete av gut som hoppar høgtAtle hoppar høgt.

  • Jenta reparerte bilen.

  • Jensen laga mat.

  • Hansen klipte hekken.

Passiv

I desse tilfella er passiv laga med hjelpeverba å bli/verte:

  • Talen vart halden av Bø.

  • Hekken blei klipt.

  • Bilen blei reparert.

  • Maten vart laga.

Her ser vi at objektet i ei setning har blitt subjekt:

Aktiv og passiv:

  Subjekt Verbal Direkte objekt
Aktiv Hansen klipte hekken.
Passiv Hekken vart klipt.  

Passiv med -ast

Du kan også lage passiv ved å leggje endinga -ast til stammen av verbet etter dei modale hjelpeverba skal/skulle, kan/kunne, vil/ville, må/måtte og bør/burde.

Eksempel:

  • Preludiet skal spelast av organisten.

  • Kalven må matast med flaske.

  • Han ville brukast til noko nyttig.

Vi kan bruke passiv når vi ikkje veit kven som handlar, eller når vi ikkje vil røpe kven som gjer noko.

Ofte betre med aktiv

Sjølv om passiv i nynorsk er fullt mogleg, som vist ovanfor, bør vi tenkje på at uttrykksmåten ofte vil bli like god eller betre om vi nyttar aktiv og dermed klargjer kven som handlar.

Øving

Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |