Vi deler ord inn i grupper etter felles kjennemerke. Substantiv er namn på noko eller nokon.
Fellesnamn
Fellesnamn er ord du kan setje artiklane ein, ei eller eit framfor. Fellesnamn er namn på fleire av same slag.
Eksempel:
-
eit fjell
-
ein gut
-
ei interesse
-
ein tanke
-
ein månad
Særnamn
Særnamn er verkelege namn som vi skriv med stor forbokstav.
Eksempel:
-
Helge
-
Volda
-
Balder
Med liten forbokstav
Nokre substantiv fortel kva for land ein person kjem frå. Desse substantiva skriv vi med liten bokstav.
Liten bokstav skal du òg bruke i namn på dagar, månader og høgtider.
- Eksempel: måndag, påske, jul, januar, juli
Ord som er sette saman av fleire ord, skriv vi vanlegvis som eitt ord.
- Eksempel: kuruke, kattepine, klatretau