Adjektiv er knytt til substantiv eller pronomen og beskriv eigenskapar ved dei.
Eksempel:
-
smarte elevar
-
gode karakterar
-
vakker fugl
-
snille deg!
-
femte dagen
Å skildre
Når vi skildrar, kan vi bruke adjektiva flittig. Tenk på alle sansane vi har. Skriv om lukt, syn, høyrsel, smak og kjensler. Vi kan beskrive situasjonar, personar, natur, dyr, kjensler, gjenstandar med meir.
Adjektivleiken
Vi kan ha mykje moro med denne ordklassen.
-
Skriv ei historie der du set inn tomrom der det skulle ha vore adjektiv.
-
Få nokon til å komme med forslag på adjektiv. (Dei som deltek i leiken, skal ikkje kjenne innhaldet i teksten.)
-
Når du har fått nok ord, les du opp historia.