Personopplysninger

Undervisning, retting og rettleiing når målet er korrekt nynorsk

I 1998 var eg med på å starte Globalskolen. På den tida hadde eg jobba 18 år på ungdomstrinnet i vanleg skole. Nettundervisning for barn i grunnskolealder var nytt, og mykje nybrottsarbeid måtte til. Eg er framleis lærar i «verdas største klasserom». Elevane mine møter eg til vanleg berre på nettet.

I denne teksten ser eg både bakover og framover og stiller følgjande spørsmål: Korleis kan eg som lærar i 10. trinn skape eit digitalt skrivemiljø som hjelper elevane med å skrive korrekt nynorsk? I lys av planar, retningslinjer, faglitteratur, rettleiingar og eigne erfaringar vil eg grunngje vala eg tek.

Her kan du lese eksamensoppgåva eg skreiv i november 2016 i studiet Nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda. 

Arne Heimestøl

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |